onsdag 26. september 2012

Bordalen-Simlebu

Det fine haustveret sist helg blei nytta til ein tur frå Rullestadjuvet, gjennom vakre Bordalen og vidare opp til Simlebu. Bordalen er eit område med gammal furuskog som, iallefall i regional samanheng, har eit visst villmarksus over seg. Sjølvsagt er og denne dalen trua av kraftutbygging, men heldigvis har fylkesmannen førebels sett foten ned for dette. Håper dalen får ligge utan inngrep framover og, slike område er det ikkje flust av her omkring.

Relativt lite folk på fjellet denne gnistrande haustdagen, men enkelte turgåarar traff eg på. Eg fekk mellom anna gode tips om fiskevatn i området som eg skal teste ut neste sesong. Lang rast ved Simlebu, der eg hadde ein overflygande lappspurv, nokså sjelden art i "våre" fjellområder. Ein fjellvåk såg eg og. Turen går garantert tilbake her ved eit seinare høve.

Start ved Rullestadjuvet

Taubane


Vakre Bordalen

Furuskog og bekkar

Enkelte veldig gamle furuer

Utsikt frå Mjølkestølen

Fin haustdag

Snø på toppane

Simlebu

Bru over Bordalselva

Litt overivrig DNT-merking





mandag 17. september 2012

Våt helg

Nok ein tur i kjende trakter i røldalsområdet. Vermeldinga var som vanleg nådelaus, og denne gongen haldt det stikk: det blei ei ganske våt helg. Mest inneliv i teltet, men og litt turar og fisking i nærområdet. Etter ein våt lørdag betra veret seg på søndagen då eg skulle heim, typisk nok. Ikkje all verdens til fisking, men ein aure fekk vere med i sekken heim.

Haust i fjellet no med fine fargar. Fleire blandingsflokkar med rødvinge-, ring- og gråtrost blei sett. Jaktande tårnfalk blei og observert eit par gonger. Eit par standhaftige fiskarar blei og observert i området i regnveret på lørdagen, elles knapt folk å sjå.

Og vermeldinga til helga lovar heldigvis meir sol og mindre regn..








tirsdag 11. september 2012

Suldalsheiane sist i august

Siste helga i august var det Suldalsheiane som stod for tur. "Himkommunen" sine fjelltrakter blir som oftast prioritert vekk til fordel for Etne, Røldal og Haukeli - men no skulle dei få sin revansj. Siste del av august er ei fin tid å reise på tur, insektene syng på siste verset og fisket er bra. Turkompis Arne hadde fått nyss om eit bra vatn heilt nord i Suldal. Me gjekk inn fredagskvelden og tilbragte ei tildels fiskerik helg her inne. Arne tok den største på snaut 7 hekto, i tillegg ein del fisk rundt og like under halvkiloen som beit villig på sluk. Blank og fin fjellaure av prima kvalitet.

Eit fjellrypekull og ei kongeørn blei sett. Lite folk å sjå, trass i at reinsdyrjakta var godt i gong. Veret var som vanleg i desse trakter litt varierande, men me hadde lite nedbør. Eit veldig fint område som garantert skal vitjast ved eit seinare høve.









søndag 2. september 2012

Røldalsfjellet vest 31.aug - 2.sept


Trass i skumle vermeldingar for helga sette eg kursen mot Seljestadtraktene og fjellområda der etter jobb på fredag. Bilen blei parkert ved Korlevoll, og så bar det eit par timar innover til den planlagde destinasjonen. Fint og varmt ver. Vel framme lokaliserte eg ein heilt grei teltplass. Ein veldig fin seinsommarkveld etterkvart. Også myggen var godt med på notene, men det er vel heldigvis snart på den sesongen no. Fullmåne og uvanleg stille når mørkret senka seg. Ein av dei finare fjellkveldane i år kan det vel konkluderast med.

Røldalsfjellet
Snart haust..
Teltet på plass
...etterkvart dukka månen opp...
Laurdagen gjekk i passe sakte fjelltempo med litt fisking, trasking i området og generell avslapping. Ein må tole å møte folk her, det er eit polulært område som har ein del ferdsel. Eg traff både fiskarar og molteplukkarar. Ei lirype blei høyrt, håper for dens del at den overlever den nært foreståande rypejakta. Litt opp i fjellet traff eg ein spurvehauk som hadde forvilla seg til fjells, noko som skjer i blant. Etter vermeldinga å dømmeskulle regnet komme tidlig på ettermiddagen, men heldigvis kom det ikkje nedbør av betydning før det blei mørkt. Då blei det til gjengjeld store nedbørsmengder og kraftige vindkast utover natta. På søndagsmorgonen pakka eg i saman ganske tidleg, då sivilisasjonen lokka med favorittlaget på tv utpå ettermiddagen. Skylaget sprakk opp og det blei ein time med opplett før regnet igjen kom då eg nærma meg bilen. Eit flott område, som nok med fordel også kan tåle eit besøk tidleg på sommaren rett etter at isen har gått.

Stille morgon til fjells

Er det her storauren gøymer seg?

Latmannsfiske som etterkvart gir resultat....
..middagen sikra og vel så det
Moltesesongen er i gong
Ein liten fosseidyll
Fleire haustteikn
Regn og atter regn tidleg på søndagsmorgon

Betre ver då eg pakka saman på føremiddagen

Eit fossefall som kraftselskapa ennå ikkje har fått kloa i

onsdag 22. august 2012

Børgefjell 2012

Min tredje tur til Børgefjell gjekk av stabelen midt i august, denne gongen saman med broderen. Snaut 300 mil i bil skulle tilbakeleggjast tur/retur, ein dryg tur - sjølv med Skoda. Turen opp gjekk greit, fordelt på to dagar med innlagt overnatting på hytte i Røros-traktene. Vegar ein ikkje akkurat køyrer ofte.

Leirplass ved Saksinvatnet
Me kom til Stekkenjokk på ettermiddagen 12. august, og gjorde klar for å pese oss innover mot Saksinvatnet. Etter to nesten myggfrie augustturar i Børgefjell tidlegare år var det eit aldri så lite myggsjokk som venta oss denne gongen. "Myggen blir neppe eit problem" lova eg broderen på førehand. Vel. Den snaue mila opp til Saksinvatnet blei iallefall akkompagnert av heftige myggsvermar. Stille, fint ver. I austenden av Saksinvatnet var det ein heilt kurant leirplass. Ingen fisking denne kvelden.

Dagen etterpå snakka me med meir folk enn me gjorde resten av turen til saman. Blant anna fekk med gode tips av nokre trøndarar som til og med skjenka oss eit par slukar vidare på ferda. Både dei og dei andre me snakka med klagde på fisket. For kaldt vatn var ei av (bort)forklaringane. Turen langs sørsida av Saksinvatnet innover gjekk greit. Sist gong gjekk eg på andre sida av vatnet, her var heilt klart betre å gå. Nokre snøfenner her og der.

Snøfenner ved Saksinvatnet


Leirplassen me hadde tenkt på var ved eit par namnlause vatn litt nordvest for Saksinvatnet. Trønderane hadde gitt oss tips om ein bra plass der, og den var ledig. Telta blei rigga opp og leir etablert. Ein del lovande vak på vatna, som mellom anna er skildra i Lars Monsen sin Børgefjell-guide. Det blei naturleg nok ein del fiske her dei neste dagane, og om ikkje vatna leverte heilt slik me hadde håpa på blei det iallefall greit med matfisk. Fisken beit best på makk, sluk var den relativt uinteressert i. Vatna er, som mange andre stader i Børgefjell, dessutan ganske grunne og såleis ikkje så godt eigna for fiske med litt tyngre sildeslukar til dømes.


Me hadde også ein dag i Raentserenmehkie-området, som kun låg nokon kilometer frå leirplassen. Dette området var sagnomsust for godt fiske før i tida, men me hadde ingen suksess her. Eit par ganske små blei det, trass i ein del fisking. Også her er det grunt. Her hadde eg eit ganske så massivt uver då eg var her for fem år sidan. Heldigvis var veret av ein heilt annan karakter no. Eit flott område med eit stort vatn og ein rekke mindre vatn. Spesielt eit av dei mindre vatna hadde tilsynelatande fin fisk som vaka, men den var ikkje interessert i å bite på noko som helst.

Raentserenmehkie I
Raentserenmehkie II
Raentserenmehkie III
Fugle- og dyrelivet var ganske stille i år. I fjor var det masse smågnagarar i fjellet her, og fjellreven hadde eit godt år med fleire ynglingar. Me såg ingen fjellrev, som det jo er ein viss sjanse for å treffe her. Ein av dei me snakka med ved Saksinvatnet hadde forøvrig sett noko han meinte var ulv her for nokre år sidan. Av fuglar såg me mellom anna haveller, temmincksniper, storlom, myrsniper, sandloar og tårnfalk. Ingen snøugler... Masse spor etter rein, men me såg ingen.

Elg i solnedgang uten elg
Berre snaut halvkiloen, men fin fisk

...og raud i kjøtet
Siste dagen her oppe tok me ein liten tur ned til Ranserbua. Her måtte eg "ta ryming" i uveret i 2007. Eg hadde håpa å finne igjen hyttebøkene, både for å mimre og lese det eg sjølv hadde skrive den gongen, i tillegg til at hyttebøker er ganske porno i seg sjølv. Nå viste det seg at dei dreiv restaurering av hytta, dei hadde meir eller mindre rive alt det gamle og bygd den opp på ny - dog i nøyaktig same stil og dimensjonar som før. Ingen hyttebøker å sjå. Her traff me forøvrig eit par studentar som dreiv med smågnagar-research på oppdrag for NINA. Må ha vore ein grei sommarjobb.

Same same, but different
Usikker på kven som står for restaureringa
Etter ei snau veke inne i villmarksparadiset var det på tide å returnere i retning kvardagen. Ei overnatting på nøyaktig same stad som me byrja ved Saksinvatnet. Langs Saksinvatnet snakka me eit par karar som hadde gått her inne kvart år sidan 1967. Godt kjende, med andre ord. Dei meinte området hadde tapt seg ein del fiskemessig. Turen nedover igjen til bilen gjekk radig. Så var det å byrje på dei ca 135 mila heimover....

Børgefjell sin eigen El Diablo
Kveldsfiske
Saksinvatnet frå Saksinfjellet
Oppsummert: fint ver, kanskje i finaste laget til tider. Om kveldane då det ikkje var vinddrag i lufta var myggen svært plagsom. Heldigvis var det litt skiftande bris det meste av dagane. Sein snøsmelting og generelt sein sommar er kanskje forklaringa på myggdominansen.

Heldigvis tok me med oss makk, elles kunne det blitt skralt på fiskefronten. Det meste av slukboksen blei prøva ut, men stort sett berre ei holografisk møresild på 10 gram ga napp.

Å gå inn frå Stekenjokk via Saksinvatnet er nok den raskaste måten å komme seg inn i dei finaste områda på, så rutevalet kan det ikkje angrast på. Mindre folk enn forventa innover. Turens positive overrasking var at (med unntak av Saksinvatnet) det var mindre forsøpling enn eg hadde trudd. Heldigvis langt igen til Femundstilstander i så måte...

Pust i bakken ved Saksinvatnet
Børgefjell frå si aller beste side avreisedagen