søndag 29. juli 2012

Røldalsfjellet 20-22. juli

Tur til fjelltraktene sør for gamle røldalsvegen. Ein tur i fjor haust gav meirsmak til dette området litt utenom allfarvei. DNT ville lage turisthytte inne på desse fjellviddene for ein del år sidan, men fekk ikkje lov på grunn av villreinen sin sterke stilling i norsk forvaltning. Heilt greit, spør du meg. Fint med områder som framleis har litt villmarkspreg over seg.

Turen starta med ei seig oppstiging frå Elversvatnet. Overraskande mykje snø, og det blei mest baksing i snøfenner oppover. Seig nordavind, men greie forhold å gå i.

Mykje snø, kort sagt

Vatna oppe på Elvershei hadde framleis mykje is. Her traff me folk som gjekk på ski, som vel var det rette framkomstmiddelet denne dagen. Lite liv, men spor etter fjellrype nokre stadar. Me såg og ein rovfugl.

Elvershei i bakgrunnen
Frå snaut 1300 moh gjekk det nedover igjen eit par hundre høgdemeter. Målet var Hadle-Grøne tjørnane litt lenger sør. Igjen stort sett snøfenner å gå på. Dei var såpass faste at det gjekk greit, men heilt risikofritt er det aldri. Me kom fram til sundet mellom tjørnane tidlig på kvelden. Kjøleg ver, som minna lite om sommar. Fordelen med slikt ver: lite mygg. Middag utpå kvelden. Overraskande mykje is på vatnet, men i sjølve sundet var det isfritt. Det viste seg at skiløparane me hadde truffe tidlegare på dagen hadde manøvrert mellom råkane og kryssa vatnet på ski. Kanskje litt i overkant dristig, men dei var sikkert lokalkjende og visste kva dei gjorde. Eit par kast i den sure nordavinden gav ikkje resultat. Tidleg kveld i teltet. Årets nyinvestering på soveposefronten, ein lett, syntetisk MontBell-sovepose gjorde igjen ein god jobb under kalde forhold til sommar å vere.

Hadle-Grøne tjørnane


Høgst kapabel teltplass
Neste dag gjekk me ein tur oppover mot innoset i vestenden av vatnet, og fiska litt der det var snøfritt. Ingen napp, ingen vak. Lite er kjend om fisket i området. Estetisk er det eit svært flott og varierande fjellandskap. Det er lite vegsynt, enkelte stadar er det "brøytestikker" som truleg stammar frå skiløyper om vinteren, og ein stad traff eg på ein DNT-sti der det ikkje var avmerka ein sådan på kartet. Trur det går svært lite folk her, iallefall sommarstid.

Fisking  

Chilling i teltet
Kveldens underhaldning stod ein boltit med imponerande avledningsmanøvre for. Den hadde nok ungar ikkje så langt frå teltplassen. Under normale snøforhold hekkar den sannsynlegvis litt høgare oppe i fjellet, til dømes Elvershei, men nå hadde den tydeligvis slått seg til like ved tjørnane. Alltid like stilig å treffe på denne fuglen som hekkar fåtallig i "våre" høgareliggande fjellområder.

Boltit

Søndagen baud på regn og kuling og heimturen blei litt ufysen. Greit å få på seg tørre kler og setje seg i bilen igjen. Alt i alt ein flott tur i svært fine trakter. Er ein derimot ute etter ein fiskeoppleving av dei store, spørs det om det ikkje lønner seg å ta turen ein annan stad.

Våt søndag