onsdag 22. august 2012

Børgefjell 2012

Min tredje tur til Børgefjell gjekk av stabelen midt i august, denne gongen saman med broderen. Snaut 300 mil i bil skulle tilbakeleggjast tur/retur, ein dryg tur - sjølv med Skoda. Turen opp gjekk greit, fordelt på to dagar med innlagt overnatting på hytte i Røros-traktene. Vegar ein ikkje akkurat køyrer ofte.

Leirplass ved Saksinvatnet
Me kom til Stekkenjokk på ettermiddagen 12. august, og gjorde klar for å pese oss innover mot Saksinvatnet. Etter to nesten myggfrie augustturar i Børgefjell tidlegare år var det eit aldri så lite myggsjokk som venta oss denne gongen. "Myggen blir neppe eit problem" lova eg broderen på førehand. Vel. Den snaue mila opp til Saksinvatnet blei iallefall akkompagnert av heftige myggsvermar. Stille, fint ver. I austenden av Saksinvatnet var det ein heilt kurant leirplass. Ingen fisking denne kvelden.

Dagen etterpå snakka me med meir folk enn me gjorde resten av turen til saman. Blant anna fekk med gode tips av nokre trøndarar som til og med skjenka oss eit par slukar vidare på ferda. Både dei og dei andre me snakka med klagde på fisket. For kaldt vatn var ei av (bort)forklaringane. Turen langs sørsida av Saksinvatnet innover gjekk greit. Sist gong gjekk eg på andre sida av vatnet, her var heilt klart betre å gå. Nokre snøfenner her og der.

Snøfenner ved Saksinvatnet


Leirplassen me hadde tenkt på var ved eit par namnlause vatn litt nordvest for Saksinvatnet. Trønderane hadde gitt oss tips om ein bra plass der, og den var ledig. Telta blei rigga opp og leir etablert. Ein del lovande vak på vatna, som mellom anna er skildra i Lars Monsen sin Børgefjell-guide. Det blei naturleg nok ein del fiske her dei neste dagane, og om ikkje vatna leverte heilt slik me hadde håpa på blei det iallefall greit med matfisk. Fisken beit best på makk, sluk var den relativt uinteressert i. Vatna er, som mange andre stader i Børgefjell, dessutan ganske grunne og såleis ikkje så godt eigna for fiske med litt tyngre sildeslukar til dømes.


Me hadde også ein dag i Raentserenmehkie-området, som kun låg nokon kilometer frå leirplassen. Dette området var sagnomsust for godt fiske før i tida, men me hadde ingen suksess her. Eit par ganske små blei det, trass i ein del fisking. Også her er det grunt. Her hadde eg eit ganske så massivt uver då eg var her for fem år sidan. Heldigvis var veret av ein heilt annan karakter no. Eit flott område med eit stort vatn og ein rekke mindre vatn. Spesielt eit av dei mindre vatna hadde tilsynelatande fin fisk som vaka, men den var ikkje interessert i å bite på noko som helst.

Raentserenmehkie I
Raentserenmehkie II
Raentserenmehkie III
Fugle- og dyrelivet var ganske stille i år. I fjor var det masse smågnagarar i fjellet her, og fjellreven hadde eit godt år med fleire ynglingar. Me såg ingen fjellrev, som det jo er ein viss sjanse for å treffe her. Ein av dei me snakka med ved Saksinvatnet hadde forøvrig sett noko han meinte var ulv her for nokre år sidan. Av fuglar såg me mellom anna haveller, temmincksniper, storlom, myrsniper, sandloar og tårnfalk. Ingen snøugler... Masse spor etter rein, men me såg ingen.

Elg i solnedgang uten elg
Berre snaut halvkiloen, men fin fisk

...og raud i kjøtet
Siste dagen her oppe tok me ein liten tur ned til Ranserbua. Her måtte eg "ta ryming" i uveret i 2007. Eg hadde håpa å finne igjen hyttebøkene, både for å mimre og lese det eg sjølv hadde skrive den gongen, i tillegg til at hyttebøker er ganske porno i seg sjølv. Nå viste det seg at dei dreiv restaurering av hytta, dei hadde meir eller mindre rive alt det gamle og bygd den opp på ny - dog i nøyaktig same stil og dimensjonar som før. Ingen hyttebøker å sjå. Her traff me forøvrig eit par studentar som dreiv med smågnagar-research på oppdrag for NINA. Må ha vore ein grei sommarjobb.

Same same, but different
Usikker på kven som står for restaureringa
Etter ei snau veke inne i villmarksparadiset var det på tide å returnere i retning kvardagen. Ei overnatting på nøyaktig same stad som me byrja ved Saksinvatnet. Langs Saksinvatnet snakka me eit par karar som hadde gått her inne kvart år sidan 1967. Godt kjende, med andre ord. Dei meinte området hadde tapt seg ein del fiskemessig. Turen nedover igjen til bilen gjekk radig. Så var det å byrje på dei ca 135 mila heimover....

Børgefjell sin eigen El Diablo
Kveldsfiske
Saksinvatnet frå Saksinfjellet
Oppsummert: fint ver, kanskje i finaste laget til tider. Om kveldane då det ikkje var vinddrag i lufta var myggen svært plagsom. Heldigvis var det litt skiftande bris det meste av dagane. Sein snøsmelting og generelt sein sommar er kanskje forklaringa på myggdominansen.

Heldigvis tok me med oss makk, elles kunne det blitt skralt på fiskefronten. Det meste av slukboksen blei prøva ut, men stort sett berre ei holografisk møresild på 10 gram ga napp.

Å gå inn frå Stekenjokk via Saksinvatnet er nok den raskaste måten å komme seg inn i dei finaste områda på, så rutevalet kan det ikkje angrast på. Mindre folk enn forventa innover. Turens positive overrasking var at (med unntak av Saksinvatnet) det var mindre forsøpling enn eg hadde trudd. Heldigvis langt igen til Femundstilstander i så måte...

Pust i bakken ved Saksinvatnet
Børgefjell frå si aller beste side avreisedagen