fredag 12. juli 2013

Nord i Etnefjella

Områda i grensetraktene mellom Odda, Etne og Sauda kommune har lenge vore eit potensielt turmål. Det er mange måtar å nå inn her, eg gjekk sørover frå Seljestad. Ikkje den kortaste vegen kanskje, men den med minst høgdemeter å forsere. Ein kan og gå frå både Rullestad og Vintertun. Eg tenkte å bruke fem-seks dagar her inne, litt etter korleis veret blei.

Turen innover blei litt drygare enn eg hadde tenkt, mest på grunn av somling og avstikkarar. Flott ver å gå i, opphald og litt vind. Ved Steinavatnet møtte eg boltiten, denne vakre fjellfuglen som til og med har fått ein eigen song oppkalt etter seg.

Boltiten

Utsikt mot Kistefjell

Fin sommarkveld i fjellet


Etterkvart kom eg fram til dei vatna eg hadde tenkt meg til og fekk opp teltet på ein fin plass med litt ly for eventuell vind som måtte komme. Om natta kom ruskever med tåke og vind, men det klarna opp utover dagen. Dei neste dagane veksla litt vermessig, men stort sett var det sola og finveret som dominerte. Nettene var tildels svært kjølege til årstida å vere. Fisket varierte litt, som veret, men det viste seg at vatna her inne hadde svært ok aure. Litt slank i pelsen riktignok, men med knallraudt kjøt. Største var på 6 hg, fleire like under. Her går nok større fisk, men eg mistenker at vatna hadde hatt godt av å blitt avfiska litt meir. Det er ikkje kvar dag folk fiskar her.

Både litt sure morgonar å innta kaffien på...
..og langt finare dagare å ordne frokost..

Middagen er sikra
Upåklageleg raudfarge

Eit par snøspurvhannar skapte reine vårstemninga då dei song ganske instenst kvar dag oppe frå dei bratte fjellsidene. Fjellrypa høyrde eg berre ei kveld, kanskje litt overraskande. Rovfuglar såg eg ikkje her inne, men på tilbakevegen såg eg gledeleg nok eit fjellvåkpar ikkje langt frå Seljestad. Eg traff kun på folk ein gong, trass i at eg låg ganske tett ved ein DNT-sti.

Etter eit par fine dagar her inne tok eg tilbaketuren i to etappar. Steinavatnet låg blikkstille då eg gjekk forbi, men eg registrerte ikkje eit einaste vak. Kanskje det ikkje finst fisk her? Underleg, i så tilfelle. Eg konstaterte og at hytta til Saudafaldene her stod låst, kanskje greit sommarstid men på vinteren håper eg at iallefall deler av den er open. På utsida står eit svært skilt med koordinater, slik at ein iallefall veit kor ein er viss ein frys i hel utforbi døra vinterstid.

Fine kveldar..




...men og uver som trua i det fjerne
Harmoni i leiren
Topp komfortutstyr er viktig for å kunne nyte naturen
Vinteren slepp ikkje heilt taket

Den siste dagen blei kanskje den aller finaste vermessig - eg vakna i teltet klokka halv åtte av ei brennhet sol som steika mot teltduken. Kvelden før hadde eg vore vitne til at ein skabbete rev prøvde å luske seg innpå ein saueflokk med mange lam, tilsynelatande utan jakthell. Alt i alt ein veldig fin tur - sjeldan kost med så bra ver i desse områda. Dessutan: ikkje eit einaste myggstikk på turen.

Fleire bilder:











onsdag 3. juli 2013

Femundsmarka 2013

Den tradisjonsrike Femundsmarkturen med Arne S. Mehus fann i år stad 16.-21.jun. Dette var tiande året på rad. Denne gongen tok me båtskyss frå Jonasvollen inn til Storvika etter å ha tilbragt ein seig dag bak rattet. Frå Storvika gjekk me (den korte vegen) opp til Røvoltjørnane der vår tradisjonelle teltplass igjen var ledig. Det var eit par telt rundt om i området, men det krydde ikkje akkurat av folk.

 Kald nordavind dominerte verbiletet dei første dagane. Myggen glimra med sitt fråver, uvant og gledeleg å vere her på denne tida praktisk talt utan å få myggstikk. Me hadde såpass flaks at det aller meste av nedbøren kom om nettene, og vinden blei heller aldri ubehageleg. Me hadde greit med steikefisk dei første dagane, og eg presterte å få karrierens første røye. Ei fin oppleving sjølv om vekta var på beskjedne 3 hg. Det heilt store fiskebettet blei det aldri, men det er me heller ikkje bortskjemte med i desse traktene.

Fuglemessig var det som vanleg ein del å sjå, blant anna den sjeldne dvergmåken som har byrja såvidt å etablere seg som hekkefugl i Hedmarka. Ein flott fugl. Me hadde og mellom anna kurtiserande haveller og lappmeishekking, sistnemnte ved Roasten. Siste kvelden gjekk me ned til Røsanden og låg der før Fæmunden II tok oss tilbake til Jonasvollen etter nok ein flott tur.