mandag 11. august 2014

Upløyd mark


Planlegging
Det er spennande å oppsøke nye vatn som ein eigentleg ikkje veit noe om, men der det kanskje kan vere potensiale for fisk. Sjølv om det kan bli mange bomturar med den slags strategi. Fjellfiskesesongen her i vest er kort, så det blir knapt med tid til å oppsøke vatna ein har blinka ut på kartet i løpet av vinteren. Følelsen ein har når ein står ved eit ukjent vatn og ventar på potensielle napp er vel så spennande som å oppsøke kjente fiskevatn synes eg. Men det er vanskeleg å finne gøymte perler her i distriktet; det meste er kjent og mange vatn er ramma av sur nedbør, tusenbrødre eller generell mangel på fisk.

Fisk, her?

Denne gongen testa eg eit vatn eg har blinka meg ut for ei stund sidan. Ingen helgetur denne gongen, uveret som var meldt sette ein stoppar for det. Kun søndagstur. Bratt, men grei tilkomst. Isfritt for eit par veker sidan vil eg tru. Vind, ingen vak. Er det fisk i det heile her? Etter ti kast har eg første napp. Den sit eit par forsøk seinare. Brukbar motstand, fin fisk men ingen gigant. Snaut halvkiloen når den kjem på land. Men det finst kanskje større her? Ingen glupske mikrofisk på annankvar kast er vel eit bra teikn iallefall. Eg får ikkje fleire svar i dag, kjem nok tilbake seinare ein gong. Fin tur, fjellet her vest er svært kompetent på denne tida, når vergudane speler på lag vel og merke.

Dagens fangst

Stein og atter stein

Høgfjell i august


Kaffi

Sutalaust    
Halvpart av varslande fjellvåkpar

onsdag 4. juni 2014

Trugetur på vårsnø

Langhelga i månadskiftet mai/juni blei nytta til ein trugetur på vårsnø i traktene oppover frå Seljestad. Der ligg det framleis godt med snø, så det var essensielt at trugene blei med. Hadde eit håp om at enkelte av vatna her inne kanskje skulle ha partier der isen hadde gått, så fiskestonga var og med. I overkant optimistisk kanskje, men dog.

Hadde turens første lemen over vegen allereie ved Vintertun - ser ut til å bli eit bra lemenår dette. Om det ikke myldra med arten så var den ganske regelmessig oppover i fjellet. Ei jordugle jakta i områda, det er ein ganske sjeldan fugl i hekketida i desse fjellstroka men den kan nok hekke her i gode smågnagarår. Fjellvåken varsla og hadde heilt sikkert reir i nærleiken.

Veret viste seg frå si beste side, lite vind og varme dager. Kjølege netter. Eit lite råk i eine vatnet var fiskbart, men eg hadde verken napp eller såg vak. Fisken gjekk vel og surmulte under isen. Eg såg knapt folk på turen, eit par ivrige skigåarar var alt. I denne "mellomsesongen" mellom ski- og barmarkssesongen er det ikkje så mange som nyttar fjellet. Sjølv om det er dette som er den aller finaste tida. Blåstrupen song intenst i krattet, og både liryper og fjellryper var aktive rundt omkring. Eit par litt sjeldnare vadarar som sandlo og myrsnipe blei observert.

Ei veke til så byrjer nok issmeltinga for fullt på vatna, men det er mange veker før ein kan gå til fots heile vegen opp her. Bilda nedanfor  gjer ein ein liten stemningsrapport på korleis vårfjellet kan vere på denne tida.


















fredag 12. juli 2013

Nord i Etnefjella

Områda i grensetraktene mellom Odda, Etne og Sauda kommune har lenge vore eit potensielt turmål. Det er mange måtar å nå inn her, eg gjekk sørover frå Seljestad. Ikkje den kortaste vegen kanskje, men den med minst høgdemeter å forsere. Ein kan og gå frå både Rullestad og Vintertun. Eg tenkte å bruke fem-seks dagar her inne, litt etter korleis veret blei.

Turen innover blei litt drygare enn eg hadde tenkt, mest på grunn av somling og avstikkarar. Flott ver å gå i, opphald og litt vind. Ved Steinavatnet møtte eg boltiten, denne vakre fjellfuglen som til og med har fått ein eigen song oppkalt etter seg.

Boltiten

Utsikt mot Kistefjell

Fin sommarkveld i fjellet


Etterkvart kom eg fram til dei vatna eg hadde tenkt meg til og fekk opp teltet på ein fin plass med litt ly for eventuell vind som måtte komme. Om natta kom ruskever med tåke og vind, men det klarna opp utover dagen. Dei neste dagane veksla litt vermessig, men stort sett var det sola og finveret som dominerte. Nettene var tildels svært kjølege til årstida å vere. Fisket varierte litt, som veret, men det viste seg at vatna her inne hadde svært ok aure. Litt slank i pelsen riktignok, men med knallraudt kjøt. Største var på 6 hg, fleire like under. Her går nok større fisk, men eg mistenker at vatna hadde hatt godt av å blitt avfiska litt meir. Det er ikkje kvar dag folk fiskar her.

Både litt sure morgonar å innta kaffien på...
..og langt finare dagare å ordne frokost..

Middagen er sikra
Upåklageleg raudfarge

Eit par snøspurvhannar skapte reine vårstemninga då dei song ganske instenst kvar dag oppe frå dei bratte fjellsidene. Fjellrypa høyrde eg berre ei kveld, kanskje litt overraskande. Rovfuglar såg eg ikkje her inne, men på tilbakevegen såg eg gledeleg nok eit fjellvåkpar ikkje langt frå Seljestad. Eg traff kun på folk ein gong, trass i at eg låg ganske tett ved ein DNT-sti.

Etter eit par fine dagar her inne tok eg tilbaketuren i to etappar. Steinavatnet låg blikkstille då eg gjekk forbi, men eg registrerte ikkje eit einaste vak. Kanskje det ikkje finst fisk her? Underleg, i så tilfelle. Eg konstaterte og at hytta til Saudafaldene her stod låst, kanskje greit sommarstid men på vinteren håper eg at iallefall deler av den er open. På utsida står eit svært skilt med koordinater, slik at ein iallefall veit kor ein er viss ein frys i hel utforbi døra vinterstid.

Fine kveldar..




...men og uver som trua i det fjerne
Harmoni i leiren
Topp komfortutstyr er viktig for å kunne nyte naturen
Vinteren slepp ikkje heilt taket

Den siste dagen blei kanskje den aller finaste vermessig - eg vakna i teltet klokka halv åtte av ei brennhet sol som steika mot teltduken. Kvelden før hadde eg vore vitne til at ein skabbete rev prøvde å luske seg innpå ein saueflokk med mange lam, tilsynelatande utan jakthell. Alt i alt ein veldig fin tur - sjeldan kost med så bra ver i desse områda. Dessutan: ikkje eit einaste myggstikk på turen.

Fleire bilder:











onsdag 3. juli 2013

Femundsmarka 2013

Den tradisjonsrike Femundsmarkturen med Arne S. Mehus fann i år stad 16.-21.jun. Dette var tiande året på rad. Denne gongen tok me båtskyss frå Jonasvollen inn til Storvika etter å ha tilbragt ein seig dag bak rattet. Frå Storvika gjekk me (den korte vegen) opp til Røvoltjørnane der vår tradisjonelle teltplass igjen var ledig. Det var eit par telt rundt om i området, men det krydde ikkje akkurat av folk.

 Kald nordavind dominerte verbiletet dei første dagane. Myggen glimra med sitt fråver, uvant og gledeleg å vere her på denne tida praktisk talt utan å få myggstikk. Me hadde såpass flaks at det aller meste av nedbøren kom om nettene, og vinden blei heller aldri ubehageleg. Me hadde greit med steikefisk dei første dagane, og eg presterte å få karrierens første røye. Ei fin oppleving sjølv om vekta var på beskjedne 3 hg. Det heilt store fiskebettet blei det aldri, men det er me heller ikkje bortskjemte med i desse traktene.

Fuglemessig var det som vanleg ein del å sjå, blant anna den sjeldne dvergmåken som har byrja såvidt å etablere seg som hekkefugl i Hedmarka. Ein flott fugl. Me hadde og mellom anna kurtiserande haveller og lappmeishekking, sistnemnte ved Roasten. Siste kvelden gjekk me ned til Røsanden og låg der før Fæmunden II tok oss tilbake til Jonasvollen etter nok ein flott tur.