onsdag 22. august 2012

Børgefjell 2012

Min tredje tur til Børgefjell gjekk av stabelen midt i august, denne gongen saman med broderen. Snaut 300 mil i bil skulle tilbakeleggjast tur/retur, ein dryg tur - sjølv med Skoda. Turen opp gjekk greit, fordelt på to dagar med innlagt overnatting på hytte i Røros-traktene. Vegar ein ikkje akkurat køyrer ofte.

Leirplass ved Saksinvatnet
Me kom til Stekkenjokk på ettermiddagen 12. august, og gjorde klar for å pese oss innover mot Saksinvatnet. Etter to nesten myggfrie augustturar i Børgefjell tidlegare år var det eit aldri så lite myggsjokk som venta oss denne gongen. "Myggen blir neppe eit problem" lova eg broderen på førehand. Vel. Den snaue mila opp til Saksinvatnet blei iallefall akkompagnert av heftige myggsvermar. Stille, fint ver. I austenden av Saksinvatnet var det ein heilt kurant leirplass. Ingen fisking denne kvelden.

Dagen etterpå snakka me med meir folk enn me gjorde resten av turen til saman. Blant anna fekk med gode tips av nokre trøndarar som til og med skjenka oss eit par slukar vidare på ferda. Både dei og dei andre me snakka med klagde på fisket. For kaldt vatn var ei av (bort)forklaringane. Turen langs sørsida av Saksinvatnet innover gjekk greit. Sist gong gjekk eg på andre sida av vatnet, her var heilt klart betre å gå. Nokre snøfenner her og der.

Snøfenner ved Saksinvatnet


Leirplassen me hadde tenkt på var ved eit par namnlause vatn litt nordvest for Saksinvatnet. Trønderane hadde gitt oss tips om ein bra plass der, og den var ledig. Telta blei rigga opp og leir etablert. Ein del lovande vak på vatna, som mellom anna er skildra i Lars Monsen sin Børgefjell-guide. Det blei naturleg nok ein del fiske her dei neste dagane, og om ikkje vatna leverte heilt slik me hadde håpa på blei det iallefall greit med matfisk. Fisken beit best på makk, sluk var den relativt uinteressert i. Vatna er, som mange andre stader i Børgefjell, dessutan ganske grunne og såleis ikkje så godt eigna for fiske med litt tyngre sildeslukar til dømes.


Me hadde også ein dag i Raentserenmehkie-området, som kun låg nokon kilometer frå leirplassen. Dette området var sagnomsust for godt fiske før i tida, men me hadde ingen suksess her. Eit par ganske små blei det, trass i ein del fisking. Også her er det grunt. Her hadde eg eit ganske så massivt uver då eg var her for fem år sidan. Heldigvis var veret av ein heilt annan karakter no. Eit flott område med eit stort vatn og ein rekke mindre vatn. Spesielt eit av dei mindre vatna hadde tilsynelatande fin fisk som vaka, men den var ikkje interessert i å bite på noko som helst.

Raentserenmehkie I
Raentserenmehkie II
Raentserenmehkie III
Fugle- og dyrelivet var ganske stille i år. I fjor var det masse smågnagarar i fjellet her, og fjellreven hadde eit godt år med fleire ynglingar. Me såg ingen fjellrev, som det jo er ein viss sjanse for å treffe her. Ein av dei me snakka med ved Saksinvatnet hadde forøvrig sett noko han meinte var ulv her for nokre år sidan. Av fuglar såg me mellom anna haveller, temmincksniper, storlom, myrsniper, sandloar og tårnfalk. Ingen snøugler... Masse spor etter rein, men me såg ingen.

Elg i solnedgang uten elg
Berre snaut halvkiloen, men fin fisk

...og raud i kjøtet
Siste dagen her oppe tok me ein liten tur ned til Ranserbua. Her måtte eg "ta ryming" i uveret i 2007. Eg hadde håpa å finne igjen hyttebøkene, både for å mimre og lese det eg sjølv hadde skrive den gongen, i tillegg til at hyttebøker er ganske porno i seg sjølv. Nå viste det seg at dei dreiv restaurering av hytta, dei hadde meir eller mindre rive alt det gamle og bygd den opp på ny - dog i nøyaktig same stil og dimensjonar som før. Ingen hyttebøker å sjå. Her traff me forøvrig eit par studentar som dreiv med smågnagar-research på oppdrag for NINA. Må ha vore ein grei sommarjobb.

Same same, but different
Usikker på kven som står for restaureringa
Etter ei snau veke inne i villmarksparadiset var det på tide å returnere i retning kvardagen. Ei overnatting på nøyaktig same stad som me byrja ved Saksinvatnet. Langs Saksinvatnet snakka me eit par karar som hadde gått her inne kvart år sidan 1967. Godt kjende, med andre ord. Dei meinte området hadde tapt seg ein del fiskemessig. Turen nedover igjen til bilen gjekk radig. Så var det å byrje på dei ca 135 mila heimover....

Børgefjell sin eigen El Diablo
Kveldsfiske
Saksinvatnet frå Saksinfjellet
Oppsummert: fint ver, kanskje i finaste laget til tider. Om kveldane då det ikkje var vinddrag i lufta var myggen svært plagsom. Heldigvis var det litt skiftande bris det meste av dagane. Sein snøsmelting og generelt sein sommar er kanskje forklaringa på myggdominansen.

Heldigvis tok me med oss makk, elles kunne det blitt skralt på fiskefronten. Det meste av slukboksen blei prøva ut, men stort sett berre ei holografisk møresild på 10 gram ga napp.

Å gå inn frå Stekenjokk via Saksinvatnet er nok den raskaste måten å komme seg inn i dei finaste områda på, så rutevalet kan det ikkje angrast på. Mindre folk enn forventa innover. Turens positive overrasking var at (med unntak av Saksinvatnet) det var mindre forsøpling enn eg hadde trudd. Heldigvis langt igen til Femundstilstander i så måte...

Pust i bakken ved Saksinvatnet
Børgefjell frå si aller beste side avreisedagen

søndag 29. juli 2012

Røldalsfjellet 20-22. juli

Tur til fjelltraktene sør for gamle røldalsvegen. Ein tur i fjor haust gav meirsmak til dette området litt utenom allfarvei. DNT ville lage turisthytte inne på desse fjellviddene for ein del år sidan, men fekk ikkje lov på grunn av villreinen sin sterke stilling i norsk forvaltning. Heilt greit, spør du meg. Fint med områder som framleis har litt villmarkspreg over seg.

Turen starta med ei seig oppstiging frå Elversvatnet. Overraskande mykje snø, og det blei mest baksing i snøfenner oppover. Seig nordavind, men greie forhold å gå i.

Mykje snø, kort sagt

Vatna oppe på Elvershei hadde framleis mykje is. Her traff me folk som gjekk på ski, som vel var det rette framkomstmiddelet denne dagen. Lite liv, men spor etter fjellrype nokre stadar. Me såg og ein rovfugl.

Elvershei i bakgrunnen
Frå snaut 1300 moh gjekk det nedover igjen eit par hundre høgdemeter. Målet var Hadle-Grøne tjørnane litt lenger sør. Igjen stort sett snøfenner å gå på. Dei var såpass faste at det gjekk greit, men heilt risikofritt er det aldri. Me kom fram til sundet mellom tjørnane tidlig på kvelden. Kjøleg ver, som minna lite om sommar. Fordelen med slikt ver: lite mygg. Middag utpå kvelden. Overraskande mykje is på vatnet, men i sjølve sundet var det isfritt. Det viste seg at skiløparane me hadde truffe tidlegare på dagen hadde manøvrert mellom råkane og kryssa vatnet på ski. Kanskje litt i overkant dristig, men dei var sikkert lokalkjende og visste kva dei gjorde. Eit par kast i den sure nordavinden gav ikkje resultat. Tidleg kveld i teltet. Årets nyinvestering på soveposefronten, ein lett, syntetisk MontBell-sovepose gjorde igjen ein god jobb under kalde forhold til sommar å vere.

Hadle-Grøne tjørnane


Høgst kapabel teltplass
Neste dag gjekk me ein tur oppover mot innoset i vestenden av vatnet, og fiska litt der det var snøfritt. Ingen napp, ingen vak. Lite er kjend om fisket i området. Estetisk er det eit svært flott og varierande fjellandskap. Det er lite vegsynt, enkelte stadar er det "brøytestikker" som truleg stammar frå skiløyper om vinteren, og ein stad traff eg på ein DNT-sti der det ikkje var avmerka ein sådan på kartet. Trur det går svært lite folk her, iallefall sommarstid.

Fisking  

Chilling i teltet
Kveldens underhaldning stod ein boltit med imponerande avledningsmanøvre for. Den hadde nok ungar ikkje så langt frå teltplassen. Under normale snøforhold hekkar den sannsynlegvis litt høgare oppe i fjellet, til dømes Elvershei, men nå hadde den tydeligvis slått seg til like ved tjørnane. Alltid like stilig å treffe på denne fuglen som hekkar fåtallig i "våre" høgareliggande fjellområder.

Boltit

Søndagen baud på regn og kuling og heimturen blei litt ufysen. Greit å få på seg tørre kler og setje seg i bilen igjen. Alt i alt ein flott tur i svært fine trakter. Er ein derimot ute etter ein fiskeoppleving av dei store, spørs det om det ikkje lønner seg å ta turen ein annan stad.

Våt søndag


søndag 4. mars 2012

Svartafjellet, Ølen

Fin tur i den etterkvart kraftige austavinden på lørdag. Køyrde til Opheim og gjekk derifrå til Svartafjellet, snaut 500 moh. Trugene var med, men heldt seg på sekken. Snøen har smelta godt dei siste vekene, men stadig eit stykke til vår i desse traktene. Tre havørner kretsa rundt toppen, ellers lite å sjå.

Enkelte snøfenner, men skaren bar stort sett

Snev av vår?

Ei stund til isen går

Utsikt mot Ølsfjorden og vidare nordover frå Svartafjellet

torsdag 1. mars 2012

Børgefjell

To turer har det blitt til Børgefjell, og det ligg sannsynlegvis an til ny tur i år. To tidagarsturar både i 2006 og 2007. Første året med båtskyss over Namsvatnet, andre året frå Stekenjokk på "feil" side av svenskegrensa. Dette året opplevde eg det verste uveret på tur ever, og til og med det solide Hilleberg-teltet mitt sleit alvorleg. Det endte med å ta ryming i Ranserbua. Fisket var best første turen.

Midten av august betyr lite folk, lite mygg men mye ver... På turen her inne i 2007 såg eg fjellrev for første gong. Eit godt område å sjå rovfugl, har hatt både fiskeørn, jaktfalk, vandrefalk, havørn og kongeørn i Børgefjell. Alt i alt eit fantastisk flott fjellområde.

Storelva, elva mellom Djupvatnet og Namsvatnet
Teltplass ved Blyvatnet
6 hektos aure frå Jengelvatnet
Jetnamsvatnet
Augustkveld ved idyllisk vatn i Børgefjell
Ranserbua, velkomment krypinn for mange vandrarar

onsdag 29. februar 2012

Femundsporno

Det går mot lysare tider, og i den forbindelse kan det vere på sin plass å mimre litt med eit lite utval av turbilder frå villmarksparadis no 1: Femundsmarka. Årets tur blir som vanleg tidleg/medio juni, den absolutt beste tida å oppleve dette villmarksriket på.

Roasten ein snasen junikveld 2004






Legendariske Styggsjøkoia. 2005.
Personlig bestenotering abbor, 800 gram. Styggsjøane


Halvkoitjønn 2006
Junimorgen, Storfisktjønnan 2006
Sømåkolvet 2008

lørdag 19. november 2011

November på sitt beste - Olalitraktene 17. november


Ein særdeles snøfattig førvinter har forlenga barmarkssesongen kraftig også i litt høgare strok. Ein litt impulsiv fridag blei vedteke. Trass i ambisiøse planar om å stå opp grytidleg og reise til Seljestadtraktene enda eg på meir realistisk vis på Opheim P-plass og tusla innover mot Olalia på kjende stiar. Flott ver, men litt glatt enkelte partier så ein måtte vere litt på vakt kor ein sette føtene. Passe kaldt. Ingen folk å sjå. Derimot eit par ornitologiske godbitar; ein varsler sat og speida i eit lerketre litt innover og ein hofarga myrhauk jakta lågt over bakken i Ongelsdalen. Fire snøspurvar på grusvegen innover frå P-plassen. "Topptur" på nuten sør for Grosteinstjørna (Grosteinsnuten?). Middag ved Trollatjørna. Fullt mulig å få seg ein fin fjelltur no trass korte novemberdagar.

Utsikt sørover mot Svartafjell frå DNT-stien mot Olalia

Islagt Toska

Trollatjørn

Grosteinstjørna. Ikkje fisk her vel. Eller?

Utsikt sørover frå det som muligens heiter Grosteinsåsen

Gass + kuldegrader + vind = tålmodighetsprøve

mandag 10. oktober 2011

Hardangervidda 2011


Langhelg på vidda saman med broderen i slutten av juli. Me køyrde til Tinnhølen via Eidfjord, parkerte bilen og gjekk 3-4 timer i SV-retning før me sette opp telta. Stort sett fint ver på heile turen. Heldigvis litt trekk og vind - elles hadde myggplagen blitt ganske massiv. Bra fiske, begge fekk aure tett oppunder kiloen. Ein del folk å sjå, og som vanleg til vidda å vere svært mange traktorar som for fram og tilbake i dei etterkvart svært oppkøyrde slepa. Grunneigarane på vidda gjorde ein god deal då vilkåra for nasjonalparken skulle gjerast opp i sin tid.

Observerte mellom anna fjellerke, boltit, fjellvåk, jaktfalk m.m. Ingen fjelljo, kanskje litt overraskande. Ei overnatting i Eidfjord før me køyrde heim.

Teltplassen.

Fortsatt sommar på vidda

Fisking

Boltit

Kokken
Mygg i solnedgang
Aure på knapt kiloen
Ung fjellerke
Fin seinsommarkveld ca 1300 moh