søndag 4. mars 2012

Svartafjellet, Ølen

Fin tur i den etterkvart kraftige austavinden på lørdag. Køyrde til Opheim og gjekk derifrå til Svartafjellet, snaut 500 moh. Trugene var med, men heldt seg på sekken. Snøen har smelta godt dei siste vekene, men stadig eit stykke til vår i desse traktene. Tre havørner kretsa rundt toppen, ellers lite å sjå.

Enkelte snøfenner, men skaren bar stort sett

Snev av vår?

Ei stund til isen går

Utsikt mot Ølsfjorden og vidare nordover frå Svartafjellet

torsdag 1. mars 2012

Børgefjell

To turer har det blitt til Børgefjell, og det ligg sannsynlegvis an til ny tur i år. To tidagarsturar både i 2006 og 2007. Første året med båtskyss over Namsvatnet, andre året frå Stekenjokk på "feil" side av svenskegrensa. Dette året opplevde eg det verste uveret på tur ever, og til og med det solide Hilleberg-teltet mitt sleit alvorleg. Det endte med å ta ryming i Ranserbua. Fisket var best første turen.

Midten av august betyr lite folk, lite mygg men mye ver... På turen her inne i 2007 såg eg fjellrev for første gong. Eit godt område å sjå rovfugl, har hatt både fiskeørn, jaktfalk, vandrefalk, havørn og kongeørn i Børgefjell. Alt i alt eit fantastisk flott fjellområde.

Storelva, elva mellom Djupvatnet og Namsvatnet
Teltplass ved Blyvatnet
6 hektos aure frå Jengelvatnet
Jetnamsvatnet
Augustkveld ved idyllisk vatn i Børgefjell
Ranserbua, velkomment krypinn for mange vandrarar

onsdag 29. februar 2012

Femundsporno

Det går mot lysare tider, og i den forbindelse kan det vere på sin plass å mimre litt med eit lite utval av turbilder frå villmarksparadis no 1: Femundsmarka. Årets tur blir som vanleg tidleg/medio juni, den absolutt beste tida å oppleve dette villmarksriket på.

Roasten ein snasen junikveld 2004






Legendariske Styggsjøkoia. 2005.
Personlig bestenotering abbor, 800 gram. Styggsjøane


Halvkoitjønn 2006
Junimorgen, Storfisktjønnan 2006
Sømåkolvet 2008

lørdag 19. november 2011

November på sitt beste - Olalitraktene 17. november


Ein særdeles snøfattig førvinter har forlenga barmarkssesongen kraftig også i litt høgare strok. Ein litt impulsiv fridag blei vedteke. Trass i ambisiøse planar om å stå opp grytidleg og reise til Seljestadtraktene enda eg på meir realistisk vis på Opheim P-plass og tusla innover mot Olalia på kjende stiar. Flott ver, men litt glatt enkelte partier så ein måtte vere litt på vakt kor ein sette føtene. Passe kaldt. Ingen folk å sjå. Derimot eit par ornitologiske godbitar; ein varsler sat og speida i eit lerketre litt innover og ein hofarga myrhauk jakta lågt over bakken i Ongelsdalen. Fire snøspurvar på grusvegen innover frå P-plassen. "Topptur" på nuten sør for Grosteinstjørna (Grosteinsnuten?). Middag ved Trollatjørna. Fullt mulig å få seg ein fin fjelltur no trass korte novemberdagar.

Utsikt sørover mot Svartafjell frå DNT-stien mot Olalia

Islagt Toska

Trollatjørn

Grosteinstjørna. Ikkje fisk her vel. Eller?

Utsikt sørover frå det som muligens heiter Grosteinsåsen

Gass + kuldegrader + vind = tålmodighetsprøve

mandag 10. oktober 2011

Hardangervidda 2011


Langhelg på vidda saman med broderen i slutten av juli. Me køyrde til Tinnhølen via Eidfjord, parkerte bilen og gjekk 3-4 timer i SV-retning før me sette opp telta. Stort sett fint ver på heile turen. Heldigvis litt trekk og vind - elles hadde myggplagen blitt ganske massiv. Bra fiske, begge fekk aure tett oppunder kiloen. Ein del folk å sjå, og som vanleg til vidda å vere svært mange traktorar som for fram og tilbake i dei etterkvart svært oppkøyrde slepa. Grunneigarane på vidda gjorde ein god deal då vilkåra for nasjonalparken skulle gjerast opp i sin tid.

Observerte mellom anna fjellerke, boltit, fjellvåk, jaktfalk m.m. Ingen fjelljo, kanskje litt overraskande. Ei overnatting i Eidfjord før me køyrde heim.

Teltplassen.

Fortsatt sommar på vidda

Fisking

Boltit

Kokken
Mygg i solnedgang
Aure på knapt kiloen
Ung fjellerke
Fin seinsommarkveld ca 1300 moh

Fæmund Expedition 2011


Årets tur gjekk etter klassisk oppskrift, båten frå Elgå til Haugen og vidare innover mot Roasten via Røvoltjørnan. Godt fiske i byrjinga av turen, men når den kalde nordavinden etterkvart fekk tak blei fiskebettet nesten heilt borte. Største fisk: aure på drøyt 0,6 kilo. Ingen Grenser II med Lars Monsen og co blei observert i kano nedover Roasten. Mindre folk i marka i år enn på lenge, heldigvis. Havørn, lappmeiskull og sidensvans. Noen få lemen, men mindre enn forventa. Variabelt ver, mye mygg.

Teltleir

Fin røvolaure

Store Svuku frå Røvolfjellet

Røvolbeachen

Smålompar

Fæmunden II

mandag 19. september 2011

Røldalsfjellet 16. september


Start frå Elversvatnet som ligg langs "Gamle Røldalsvegen", ca to timars køyring frå Haugesund. Fantastisk haustdag, men kun eit par plussgrader då eg byrja å gå tidleg på føremiddagen. Eit par sauegjetarar, elles ingen folk i haustfjellet. Trass i lett atkomst er det neppe flust av folk som går her i sommarhalvåret, stiane såg ikkje spesielt velbrukte ut. Røldalsfjellet er eit vinterfjell for dei fleste.

Gjekk stien frå Elversvatnet opp på Elvershei og vidare ned til Hallet Grøne-tjørnane som ligg midt på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Tre fjellryper, sju bergiriskar. Hadde ikkje fiskestong med denne gongen.

Ruta



Turstart ved Gamle Røldalsvegen


Elvershei


Heilt ok dag på haustfjellet


Eit lite islag på mange vasspyttar


Elvershei, ca 1300 moh

Utsikt mot Hallet-Grøne tjørnane frå Elvershei

Stadig Hallet Grøne-tjørnane

Finveret haldt seg heile dagen