mandag 19. september 2011

Røldalsfjellet 16. september


Start frå Elversvatnet som ligg langs "Gamle Røldalsvegen", ca to timars køyring frå Haugesund. Fantastisk haustdag, men kun eit par plussgrader då eg byrja å gå tidleg på føremiddagen. Eit par sauegjetarar, elles ingen folk i haustfjellet. Trass i lett atkomst er det neppe flust av folk som går her i sommarhalvåret, stiane såg ikkje spesielt velbrukte ut. Røldalsfjellet er eit vinterfjell for dei fleste.

Gjekk stien frå Elversvatnet opp på Elvershei og vidare ned til Hallet Grøne-tjørnane som ligg midt på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Tre fjellryper, sju bergiriskar. Hadde ikkje fiskestong med denne gongen.

Ruta



Turstart ved Gamle Røldalsvegen


Elvershei


Heilt ok dag på haustfjellet


Eit lite islag på mange vasspyttar


Elvershei, ca 1300 moh

Utsikt mot Hallet-Grøne tjørnane frå Elvershei

Stadig Hallet Grøne-tjørnane

Finveret haldt seg heile dagen

2 kommentarer:

  1. Flott rapport! Vet du noe om fisket i vannene i området? :)

    SvarSlett
  2. Nei, har prøvd å grave litt på nettet men det er lite informasjon å finne. Frykter at det er bestander med liten fisk i dårleg kondisjon som det jo er i mange fjellvatn i vår region.

    SvarSlett