torsdag 1. mars 2012

Børgefjell

To turer har det blitt til Børgefjell, og det ligg sannsynlegvis an til ny tur i år. To tidagarsturar både i 2006 og 2007. Første året med båtskyss over Namsvatnet, andre året frå Stekenjokk på "feil" side av svenskegrensa. Dette året opplevde eg det verste uveret på tur ever, og til og med det solide Hilleberg-teltet mitt sleit alvorleg. Det endte med å ta ryming i Ranserbua. Fisket var best første turen.

Midten av august betyr lite folk, lite mygg men mye ver... På turen her inne i 2007 såg eg fjellrev for første gong. Eit godt område å sjå rovfugl, har hatt både fiskeørn, jaktfalk, vandrefalk, havørn og kongeørn i Børgefjell. Alt i alt eit fantastisk flott fjellområde.

Storelva, elva mellom Djupvatnet og Namsvatnet
Teltplass ved Blyvatnet
6 hektos aure frå Jengelvatnet
Jetnamsvatnet
Augustkveld ved idyllisk vatn i Børgefjell
Ranserbua, velkomment krypinn for mange vandrarar

2 kommentarer:

  1. Flotte bilder! Jeg tar jomfruturen min inn fra Stekenjokk og inn langs Jetnamsvatnet i midten av juli (er planen pr nå). Håper på et par uker med ok vær da :)

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar, høyres ut som ein bra plan til sommaren, er sikker på du får ein fin tur :-) Er jo ein seig kjøretur frå Haugesund til Stekenjokk (viss du skal kjøre), men litt må ein ofre for villmarksdraumen...

    SvarSlett