Relativt lite folk på fjellet denne gnistrande haustdagen, men enkelte turgåarar traff eg på. Eg fekk mellom anna gode tips om fiskevatn i området som eg skal teste ut neste sesong. Lang rast ved Simlebu, der eg hadde ein overflygande lappspurv, nokså sjelden art i "våre" fjellområder. Ein fjellvåk såg eg og. Turen går garantert tilbake her ved eit seinare høve.
| Start ved Rullestadjuvet |
| Taubane |
| Vakre Bordalen |
| Furuskog og bekkar |
| Enkelte veldig gamle furuer |
| Utsikt frå Mjølkestølen |
| Fin haustdag |
| Snø på toppane |
| Simlebu |
| Bru over Bordalselva |
| Litt overivrig DNT-merking |
