tirsdag 28. mai 2013

Sesongstart i Etnefjella

Tid for årets første overnattingstur til fjells. Det blei dei sørlege delane av Etnefjellet som fekk æren av å åpne sesongen - det mest naturlege ut frå is- og snøforholda. Litt research før turen tilsa at her ville det vere sannsynleg at vatna i det minste hadde fiskbare partier sjølv om neppe all isen var gått. Avreise Haugesund fredags føremiddag. Ein del timar seinare hadde eg nådd helgas mål: eit etter sigende bra fiskevatn ca 600 moh. Eg fekk selskap på turen av Bjarne frå Bjarnes turblogg som er godt kjend her inne og hadde masse tips om området.

Me fann ein ok teltplass, hvilket det nødvendigvis ikkje er flust av i området. Kvelden endte med ein fisk til kvar av oss, begge rundt halvkiloen og litt slanke etter vinteren - men med fantastisk raudfarge i kjøtet og som skapt for steikepanna.

Kompetent fiskevatn i Ytre Etnefjell
Fin aure i fint måneskin


Eit tårnfalkpar hekka berre nokre hundre meter frå leirplassen, uten at den tok nemneverdig notis av oss. Ved leirplassen hadde ein lirypestegg show kvar kveld. Flott vårstemning i fjellet.

Lørdagen testa me ut eit par tjønner eit par hundre meter høgare oppe - men her låg framleis isen. Desse skal nok få eit besøk på eit seinare tidspunkt seinare i sesongen. Både fjellryper og heilo her oppe. Fin utsikt sørover. På kvelden hanka Bjarne inn eit par aurar til. Nok ein flott kveld. Eg lot telt vere telt og overnatta under open himmel. Gradestokken bikka nok under null om natta. Søndagen blei nok ein strålande dag. Ei ung kongeørn inspiserte leirplassen frå lufta. Me var rimeleg forsynte med fisk, så me lot fiskestengene ligge. Ein fin stad å åpne fjellsesongen - etter alt å døme med potensiale til å avslutte den også. Kanskje det blir eit besøk i september igjen.

Basecamp

Ein del snø på 700-800 moh

Her regjerte fjellrypa

Fiskepotensiale?

Utsikt

Man against nature

Heiloreir

Sørvestover

Etnefjell




2 kommentarer: