Langhelg på vidda saman med broderen i slutten av juli. Me køyrde til Tinnhølen via Eidfjord, parkerte bilen og gjekk 3-4 timer i SV-retning før me sette opp telta. Stort sett fint ver på heile turen. Heldigvis litt trekk og vind - elles hadde myggplagen blitt ganske massiv. Bra fiske, begge fekk aure tett oppunder kiloen. Ein del folk å sjå, og som vanleg til vidda å vere svært mange traktorar som for fram og tilbake i dei etterkvart svært oppkøyrde slepa. Grunneigarane på vidda gjorde ein god deal då vilkåra for nasjonalparken skulle gjerast opp i sin tid.
Observerte mellom anna fjellerke, boltit, fjellvåk, jaktfalk m.m. Ingen fjelljo, kanskje litt overraskande. Ei overnatting i Eidfjord før me køyrde heim.
Teltplassen. |
Fortsatt sommar på vidda |
Fisking |
Boltit |
Kokken |
Mygg i solnedgang |
Aure på knapt kiloen |
Ung fjellerke |
Fin seinsommarkveld ca 1300 moh |
Boltit. Øvst på ønskelista i 2011, øvst i 2012.
SvarSlett