Ein særdeles snøfattig førvinter har forlenga barmarkssesongen kraftig også i litt høgare strok. Ein litt impulsiv fridag blei vedteke. Trass i ambisiøse planar om å stå opp grytidleg og reise til Seljestadtraktene enda eg på meir realistisk vis på Opheim P-plass og tusla innover mot Olalia på kjende stiar. Flott ver, men litt glatt enkelte partier så ein måtte vere litt på vakt kor ein sette føtene. Passe kaldt. Ingen folk å sjå. Derimot eit par ornitologiske godbitar; ein varsler sat og speida i eit lerketre litt innover og ein hofarga myrhauk jakta lågt over bakken i Ongelsdalen. Fire snøspurvar på grusvegen innover frå P-plassen. "Topptur" på nuten sør for Grosteinstjørna (Grosteinsnuten?). Middag ved Trollatjørna. Fullt mulig å få seg ein fin fjelltur no trass korte novemberdagar.
Utsikt sørover mot Svartafjell frå DNT-stien mot Olalia |
Islagt Toska |
Trollatjørn |
Grosteinstjørna. Ikkje fisk her vel. Eller? |
Utsikt sørover frå det som muligens heiter Grosteinsåsen |
Gass + kuldegrader + vind = tålmodighetsprøve |
Fin rapport og fine bilder! :)
SvarSlett